< 以西結書 33 >

1 耶和華的話臨到我說:
Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 「人子啊,你要告訴本國的子民說:我使刀劍臨到哪一國,那一國的民從他們中間選立一人為守望的。
Menneskjeson! Tala til landslyden din og seg med deim: Når eg let sverd koma yver eit land, og dei tek utav folket i landet og set honom til vaktmann åt seg,
3 他見刀劍臨到那地,若吹角警戒眾民,
og han ser sverdet koma yver landet og blæs i luren og varar folket,
4 凡聽見角聲不受警戒的,刀劍若來除滅了他,他的罪就必歸到自己的頭上。
og einkvan høyrer ljomen av luren, men ikkje let seg vara, og sverdet kjem og tek honom burt, då skal blodet hans vera på hans eige hovud;
5 他聽見角聲,不受警戒,他的罪必歸到自己的身上;他若受警戒,便是救了自己的性命。
ljomen av luren høyrde han, men let seg ikkje vara, blodet hans skal kome yver honom sjølv; for hadde han late seg vara, so hadde han berga livet.
6 倘若守望的人見刀劍臨到,不吹角,以致民不受警戒,刀劍來殺了他們中間的一個人,他雖然死在罪孽之中,我卻要向守望的人討他喪命的罪。
Men um vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i luren, og folket ikkje vert vara, og sverdet kjem og tek burt einkvan av deim, då er han burtteken for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av handi åt vaktmannen.
7 「人子啊,我照樣立你作以色列家守望的人。所以你要聽我口中的話,替我警戒他們。
Og, du menneskjeson! Til vaktmann hev eg sett deg åt Israels-lyden. Når du då høyrer eit ord frå min munn, so skal du vara deim åt frå meg.
8 我對惡人說:『惡人哪,你必要死!』你-以西結若不開口警戒惡人,使他離開所行的道,這惡人必死在罪孽之中,我卻要向你討他喪命的罪。
Um eg då segjer med den ugudlege: «Du ugudlege, du skal døy, » og du ikkje talar og varar den ugudlege for hans åtferd, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av di hand.
9 倘若你警戒惡人轉離所行的道,他仍不轉離,他必死在罪孽之中,你卻救自己脫離了罪。」
Men um du hev vara den ugudlege for hans åtferd, at han måtte venda um frå henne, men han vender ikkje um frå si åtferd, då skal han døy for si misgjerning, men du hev berga di sjæl.
10 「人子啊,你要對以色列家說:『你們常說:我們的過犯罪惡在我們身上,我們必因此消滅,怎能存活呢?』
Og du, menneskjeson! Seg til Israels-lyden: So segjer det: «Våre brot og våre synder tyngjer på oss, og for deim talmast me reint burt; kor kann me då liva?»
11 你對他們說,主耶和華說:我指着我的永生起誓,我斷不喜悅惡人死亡,惟喜悅惡人轉離所行的道而活。以色列家啊,你們轉回,轉回吧!離開惡道,何必死亡呢?
Seg med deim: So sant som eg liver, segjer Herren, Herren, eg hev ikkje hugnad i det at den ugudlege døyr, men i det at den ugudlege vender um frå si åtferd og liver. Vend um, vend um frå dei vonde vegarne dykkar! For kvi vil de døy, du Israels-lyd?
12 人子啊,你要對本國的人民說:義人的義,在犯罪之日不能救他;至於惡人的惡,在他轉離惡行之日也不能使他傾倒;義人在犯罪之日也不能因他的義存活。
Og du, menneskjeson! Seg med ditt folks born: Rettferdig manns rettferd skal ikkje frelsa honom på hans misgjerds-dag, og ugudleg manns gudløysa skal ikkje fella honom den dagen han vender um frå si gudløysa, og ein rettferdig skal ikkje kunna liva ved si rettferd den dagen han syndar.
13 我對義人說:『你必定存活!』他若倚靠他的義而作罪孽,他所行的義都不被記念。他必因所作的罪孽死亡。
Når eg segjer med den rettferdige at han skal liva, men han lit på si rettferd og gjer urett, då skal alle hans rettferdige verk verta gløymde, og for sin urett som han gjorde, skal han døy.
14 再者,我對惡人說:『你必定死亡!』他若轉離他的罪,行正直與合理的事:
Og når eg segjer til den ugudlege: «Du skal døy, » og han vender um frå si synd og gjer rett og rettferd,
15 還人的當頭和所搶奪的,遵行生命的律例,不作罪孽,他必定存活,不致死亡。
so han, den gudlause, gjev pant attende, kjem att med rana gods, ferdast i livsens bod, so han ikkje gjer urett, då skal han liva, han skal ikkje døy.
16 他所犯的一切罪必不被記念。他行了正直與合理的事,必定存活。
Alle synderne som han hev gjort, skal vera gløymde. Rett og rettferd hev han gjort, liva skal han.
17 「你本國的子民還說:『主的道不公平。』其實他們的道不公平。
Mitt folks born segjer: «Herrens åtferd er ikkje rett, » endå at det er deira eigi åtferd som ikkje er rett.
18 義人轉離他的義而作罪孽,就必因此死亡。
Når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, so skal han døy for det.
19 惡人轉離他的惡,行正直與合理的事,就必因此存活。
Og når den gudlause vender um frå si gudløyse og gjer rett og rettferd, so skal han få liva for det.
20 你們還說:『主的道不公平。』以色列家啊,我必按你們各人所行的審判你們。」
Endå segjer de: «Herrens åtferd er ikkje rett.» Eg vil døma dykk kvar etter si åtferd, du Israels-lyd.
21 我們被擄之後十二年十月初五日,有人從耶路撒冷逃到我這裏,說:「城已攻破。」
So hende det i det tolvte året etter me var burtførde, den femte dagen i den tiande månaden, at dei undanslopne frå Jerusalem kom til meg og sagde: «Byen er teken.»
22 逃來的人未到前一日的晚上,耶和華的靈降在我身上,開我的口。到第二日早晨,那人來到我這裏,我口就開了,不再緘默。
Men Herrens hand var komi yver meg um kvelden, fyrr dei undanslopne kom; og han let upp munnen min innan dei kom til meg um morgonen. So var då munnen min upplaten, og eg var ikkje mållaus meir.
23 耶和華的話臨到我說:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
24 「人子啊,住在以色列荒廢之地的人說:『亞伯拉罕獨自一人能得這地為業,我們人數眾多,這地更是給我們為業的。』
Menneskjeson! Dei som bur millom desse røysarne i Israelslandet, dei segjer: «Abraham var berre ein, og han fekk landet til eiga, men me er mange, oss er landet gjeve til eiga.»
25 所以你要對他們說,主耶和華如此說:你們吃帶血的物,仰望偶像,並且殺人流血,你們還能得這地為業嗎?
Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: De et kjøtet med blodet i og retter augo dykkar etter dei ufysne avgudarne dykkar, og renner ut blod - og de skulde eiga landet!
26 你們倚仗自己的刀劍行可憎的事,人人玷污鄰舍的妻,你們還能得這地為業嗎?
De lit på dykkar sverd, de fer med skjemdarverk, og skjemmer konorne åt kvarandre - og de skulde eiga landet?
27 你要對他們這樣說,主耶和華如此說:我指着我的永生起誓,在荒場中的,必倒在刀下;在田野間的,必交給野獸吞吃;在保障和洞裏的,必遭瘟疫而死。
So skal du segja med deim: So segjer Herren, Herren: So sant som eg liver, skal dei som bur millom røysarne falla for sverd, og den som er på marki, gjev eg til mat åt udyri, og dei som held på knausar og i hellerar, skal døy av sott.
28 我必使這地荒涼,令人驚駭;她因勢力而有的驕傲也必止息。以色列的山都必荒涼,無人經過。
Og eg vil leggja landet i audn og øyde, og det skal vera ute med ovmodet og magti hjå det, og Israels heidar skal liggja i øyda, so ingen ferdast der.
29 我因他們所行一切可憎的事使地荒涼,令人驚駭。那時,他們就知道我是耶和華。」
Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg legg landet i audn og øyde for alle deira skjemdarverk, som dei hev gjort.
30 「人子啊,你本國的子民在牆垣旁邊、在房屋門口談論你。弟兄對弟兄彼此說:『來吧!聽聽有甚麼話從耶和華而出。』
Og du, menneskjeson! Ditt folks born talar seg imillom um deg frammed veggjerne og i husdørerne, og segjer med kvarandre, den eine med den andre: «Kom, lat oss høyra kva for eit ord det er som no gjeng ut frå Herren!»
31 他們來到你這裏如同民來聚會,坐在你面前彷彿是我的民。他們聽你的話卻不去行;因為他們的口多顯愛情,心卻追隨財利。
Og dei kjem åt deg, nett som eit heilt folk kjem, og set seg framfor di åsyn og læst vera mitt folk og lyder på ordi dine; men dei gjer ikkje etter deim. For det munnen deira likar, det gjer dei, og etter vinning fer deira hjarte.
32 他們看你如善於奏樂、聲音幽雅之人所唱的雅歌,他們聽你的話卻不去行。
Og sjå, du er som eit elskhugskvæde åt deim, som ein songar med vænt mål og ljuvlegt spel. Og dei lyder på ordi dine, men gjer ikkje etter deim.
33 看哪,所說的快要應驗;應驗了,他們就知道在他們中間有了先知。」
Men når det kjem - og koma skal det - då skal dei sanna at ein profet hev vore millom deim.

< 以西結書 33 >