< Κατα Ματθαιον 14 >

1 Ἐν ἐκείνῳ τῷ καιρῷ ἤκουσεν Ἡρῴδης ὁ τετραάρχης τὴν ἀκοὴν Ἰησοῦ,
Ved det leitet fekk Herodes, fylkeskongen, høyra gjetordet um Jesus.
2 καὶ εἶπεν τοῖς παισὶν αὐτοῦ Οὗτός ἐστιν Ἰωάνης ὁ Βαπτιστής· αὐτὸς ἠγέρθη ἀπὸ τῶν νεκρῶν, καὶ διὰ τοῦτο αἱ δυνάμεις ἐνεργοῦσιν ἐν αὐτῷ.
Då sagde han til mennerne sine: «Det er Johannes, døyparen! No hev han stade upp frå dei daude; difor ter det seg so underfulle krafter i honom.»
3 Ὁ γὰρ Ἡρῴδης κρατήσας τὸν Ἰωάνην ἔδησεν καὶ ἐν φυλακῇ ἀπέθετο διὰ Ἡρῳδιάδα τὴν γυναῖκα Φιλίππου τοῦ ἀδελφοῦ αὐτοῦ·
Herodes hadde teke Johannes og lagt honom i bolt og jarn for Herodias skuld, kona åt Filip, bror hans.
4 ἔλεγεν γὰρ ὁ Ἰωάνης αὐτῷ Οὐκ ἔξεστίν σοι ἔχειν αὐτήν.
For Johannes hadde sagde til honom: «Du må ikkje hava henne.»
5 καὶ θέλων αὐτὸν ἀποκτεῖναι ἐφοβήθη τὸν ὄχλον, ὅτι ὡς προφήτην αὐτὸν εἶχον.
Og Herodes vilde helst ha slege honom i hel, men han torde ikkje for folket; for dei heldt honom for ein profet.
6 γενεσίοις δὲ γενομένοις τοῦ Ἡρῴδου ὠρχήσατο ἡ θυγάτηρ τῆς Ἡρῳδιάδος ἐν τῷ μέσῳ καὶ ἤρεσεν τῷ Ἡρῴδῃ,
So var det årmålsdagen åt Herodes; og dotter åt Herodias dansa for deim, og Herodes tykte so godt um henne,
7 ὅθεν μεθ’ ὅρκου ὡμολόγησεν αὐτῇ δοῦναι ὃ ἐὰν αἰτήσηται.
at han lova og svor ho skulde få kva ho bad um.
8 ἡ δὲ προβιβασθεῖσα ὑπὸ τῆς μητρὸς αὐτῆς Δός μοι, φησίν, ὧδε ἐπὶ πίνακι τὴν κεφαλὴν Ἰωάνου τοῦ Βαπτιστοῦ.
Då fekk mori henne til å segja: «Gjev meg hovudet åt Johannes døyparen, her, på eit fat!»
9 καὶ λυπηθεὶς ὁ βασιλεὺς διὰ τοὺς ὅρκους καὶ τοὺς συνανακειμένους ἐκέλευσεν δοθῆναι,
Kongen vart ille ved, men for di han hadde svore, og for gjesterne skuld, sagde han at dei skulde lata henne få det;
10 καὶ πέμψας ἀπεκεφάλισεν Ἰωάνην ἐν τῇ φυλακῇ.
og han sende ut folk og let dei hogga hovudet av Johannes i fengslet.
11 καὶ ἠνέχθη ἡ κεφαλὴ αὐτοῦ ἐπὶ πίνακι καὶ ἐδόθη τῷ κορασίῳ, καὶ ἤνεγκεν τῇ μητρὶ αὐτῆς.
So kom dei med hovudet hans på eit fat og gav det til gjenta, og ho gjekk til mor si med det.
12 καὶ προσελθόντες οἱ μαθηταὶ αὐτοῦ ἦραν τὸ πτῶμα καὶ ἔθαψαν αὐτόν, καὶ ἐλθόντες ἀπήγγειλαν τῷ Ἰησοῦ.
Og læresveinarne hans kom og tok liket og bar honom til gravi; sidan gjekk dei til Jesus med bod um det som var hendt.
13 Ἀκούσας δὲ ὁ Ἰησοῦς ἀνεχώρησεν ἐκεῖθεν ἐν πλοίῳ εἰς ἔρημον τόπον κατ’ ἰδίαν· καὶ ἀκούσαντες οἱ ὄχλοι ἠκολούθησαν αὐτῷ πεζῇ ἀπὸ τῶν πόλεων.
Då Jesus høyrde det, for han i ein båt burt til ein øydestad, so han kunde få vera åleine; men folket fekk spurt det og fylgde etter honom landveges frå byarne.
14 Καὶ ἐξελθὼν εἶδεν πολὺν ὄχλον, καὶ ἐσπλαγχνίσθη ἐπ’ αὐτοῖς καὶ ἐθεράπευσεν τοὺς ἀρρώστους αὐτῶν.
Då han steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop, og han tykte hjarteleg synd i deim, og lækte deim som var sjuke.
15 ὀψίας δὲ γενομένης προσῆλθον αὐτῷ οἱ μαθηταὶ λέγοντες Ἔρημός ἐστιν ὁ τόπος καὶ ἡ ὥρα ἤδη παρῆλθεν· ἀπόλυσον οὖν τοὺς ὄχλους, ἵνα ἀπελθόντες εἰς τὰς κώμας ἀγοράσωσιν ἑαυτοῖς βρώματα.
Då det leid til kvelds, gjekk læresveinarne burt til honom og sagde: «Det er audt her, og dagen lid; send folket frå deg, so dei kann ganga burt i grenderne og kjøpa seg mat!»
16 ὁ δὲ Ἰησοῦς εἶπεν αὐτοῖς Οὐ χρείαν ἔχουσιν ἀπελθεῖν· δότε αὐτοῖς ὑμεῖς φαγεῖν.
«Dei treng ikkje ganga burt, » sagde Jesus; «gjev de deim mat!»
17 οἱ δὲ λέγουσιν αὐτῷ Οὐκ ἔχομεν ὧδε εἰ μὴ πέντε ἄρτους καὶ δύο ἰχθύας.
«Me hev’kje her anna fem brødleivar og tvo fiskar, » svara dei.
18 ὁ δὲ εἶπεν· Φέρετέ μοι ὧδε αὐτούς.
«Kom hit til meg med det!» sagde han.
19 καὶ κελεύσας τοὺς ὄχλους ἀνακλιθῆναι ἐπὶ τοῦ χόρτου, λαβὼν τοὺς πέντε ἄρτους καὶ τοὺς δύο ἰχθύας, ἀναβλέψας εἰς τὸν οὐρανὸν εὐλόγησεν, καὶ κλάσας ἔδωκεν τοῖς μαθηταῖς τοὺς ἄρτους, οἱ δὲ μαθηταὶ τοῖς ὄχλοις.
So bad han folket setja seg i graset, og tok dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne, og såg upp imot himmelen og velsigna deim, og so braut han brødet og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket.
20 καὶ ἔφαγον πάντες καὶ ἐχορτάσθησαν, καὶ ἦραν τὸ περισσεῦον τῶν κλασμάτων δώδεκα κοφίνους πλήρεις.
Alle åt og vart mette, og då dei samla upp dei stykki som att var, so vart det tolv fulle korger.
21 οἱ δὲ ἐσθίοντες ἦσαν ἄνδρες ὡσεὶ πεντακισχίλιοι χωρὶς γυναικῶν καὶ παιδίων.
Og det var um lag fem tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.
22 Καὶ εὐθέως ἠνάγκασεν τοὺς μαθητὰς ἐμβῆναι εἰς τὸ πλοῖον καὶ προάγειν αὐτὸν εἰς τὸ πέραν, ἕως οὗ ἀπολύσῃ τοὺς ὄχλους.
Med same dette var gjort, nøydde han læresveinarne til å ganga i båten og fara fyre seg yver sjøen, med han bad farvel med folket.
23 καὶ ἀπολύσας τοὺς ὄχλους ἀνέβη εἰς τὸ ὄρος κατ’ ἰδίαν προσεύξασθαι. ὀψίας δὲ γενομένης μόνος ἦν ἐκεῖ.
Då han so hadde sendt folket frå seg, gjekk han upp i fjellet, so han kunde vera for seg sjølv og beda, og etter det var avdaga, var han der einsleg.
24 τὸ δὲ πλοῖον ἤδη σταδίους πολλοὺς ἀπὸ τῆς γῆς ἀπεῖχεν, βασανιζόμενον ὑπὸ τῶν κυμάτων, ἦν γὰρ ἐναντίος ὁ ἄνεμος.
Båten var alt midt utpå sjøen og tevla hardt i bylgjorne; for vinden var imot.
25 τετάρτῃ δὲ φυλακῇ τῆς νυκτὸς ἦλθεν πρὸς αὐτοὺς περιπατῶν ἐπὶ τὴν θάλασσαν.
Då, i den fjorde nattevakti, kom han gangande burtimot deim yver sjøen;
26 οἱ δὲ μαθηταὶ ἰδόντες αὐτὸν ἐπὶ τῆς θαλάσσης περιπατοῦντα ἐταράχθησαν λέγοντες ὅτι Φάντασμά ἐστιν, καὶ ἀπὸ τοῦ φόβου ἔκραξαν.
og då læresveinarne såg han ganga på sjøen, vart dei forfærde og sagde: «Det er eit skrymt!» og dei var so rædde at dei skreik.
27 εὐθὺς δὲ ἐλάλησεν ὁ Ἰησοῦς αὐτοῖς λέγων Θαρσεῖτε, ἐγώ εἰμι· μὴ φοβεῖσθε.
Men i det same tala han til deim og sagde: «Ver hugheile! Det er eg. Ver ikkje rædde!»
28 ἀποκριθεὶς δὲ αὐτῷ ὁ Πέτρος εἶπεν Κύριε, εἰ σὺ εἶ, κέλευσόν με ἐλθεῖν πρὸς σὲ ἐπὶ τὰ ὕδατα.
Då tok Peter til ords og sagde: «Herre, er det du, so seg at eg skal koma til deg på vatnet!»
29 ὁ δὲ εἶπεν Ἐλθέ. καὶ καταβὰς ἀπὸ τοῦ πλοίου Πέτρος περιεπάτησεν ἐπὶ τὰ ὕδατα καὶ ἦλθεν πρὸς τὸν Ἰησοῦν.
«Kom du!» svara han. So steig Peter ut or båten og gjekk burtyver vatnet og vilde møta Jesus.
30 βλέπων δὲ τὸν ἄνεμον ἐφοβήθη, καὶ ἀρξάμενος καταποντίζεσθαι ἔκραξεν λέγων Κύριε, σῶσόν με.
Men då han såg det harde veret, vart han rædd, og tok til å søkka. Då ropa han: «Herre, frels meg!»
31 εὐθέως δὲ ὁ Ἰησοῦς ἐκτείνας τὴν χεῖρα ἐπελάβετο αὐτοῦ καὶ λέγει αὐτῷ Ὀλιγόπιστε, εἰς τί ἐδίστασας;
Og med det same rette Jesus ut handi og greip honom og sagde: «Kor lite tru du hev! Kvi tvila du?»
32 καὶ ἀναβάντων αὐτῶν εἰς τὸ πλοῖον ἐκόπασεν ὁ ἄνεμος.
So steig dei upp i båten, og vinden lagde seg.
33 οἱ δὲ ἐν τῷ πλοίῳ προσεκύνησαν αὐτῷ λέγοντες Ἀληθῶς Θεοῦ Υἱὸς εἶ.
Og dei som var i båten, fall på kne for honom og sagde: «Ja, sanneleg er du Guds Son!»
34 Καὶ διαπεράσαντες ἦλθον ἐπὶ τὴν γῆν εἰς Γεννησαρέτ.
Då dei var komne yver, lagde dei til lands i Gennesaret.
35 καὶ ἐπιγνόντες αὐτὸν οἱ ἄνδρες τοῦ τόπου ἐκείνου ἀπέστειλαν εἰς ὅλην τὴν περίχωρον ἐκείνην, καὶ προσήνεγκαν αὐτῷ πάντας τοὺς κακῶς ἔχοντας,
Folket der i bygdi kjende honom att, og sende bod kringum i heile grannelaget. Då kom dei til honom med alle som hadde vondt,
36 καὶ παρεκάλουν αὐτὸν ἵνα μόνον ἅψωνται τοῦ κρασπέδου τοῦ ἱματίου αὐτοῦ· καὶ ὅσοι ἥψαντο διεσώθησαν.
og dei bad um dei berre måtte få taka i falden på kjolen hans, og alle som kom nær honom, vart gode att.

< Κατα Ματθαιον 14 >