< Salmenes 34 >

1 Av David, då han gjorde seg galen hjå Abimelek, so han jaga honom av, og han gjekk burt. Eg vil lova Herren alle tider, hans pris skal stendigt vera i min munn.
Davidi, cum immutavit vultum suum coram Achimelech, et dimisit eum et abiit. Benedicam Dominum in omni tempore: semper laus eius in ore meo.
2 Mi sjæl skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.
In Domino laudabitur anima mea: audiant mansueti, et lætentur.
3 Lova Herren storleg med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn!
Magnificate Dominum mecum: et exaltemus nomen eius in idipsum.
4 Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alle mine rædslor.
Exquisivi Dominum, et exaudivit me: et ex omnibus tribulationibus meis eripuit me.
5 Dei som skoda upp til honom, lyste av gleda, og deira andlit turvte aldri blygjast.
Accedite ad eum, et illuminamini: et facies vestræ non confundentur.
6 Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor.
Iste pauper clamavit, et Dominus exaudivit eum: et de omnibus tribulationibus eius salvavit eum.
7 Herrens englar lægrar seg rundt ikring deim som ottast honom, og han friar deim ut.
Immittet angelus Domini in circuitu timentium eum: et eripiet eos.
8 Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til honom.
Gustate, et videte quoniam suavis est Dominus: beatus vir, qui sperat in eo.
9 Ottast Herren, de hans heilage, for inkje vantar dei som ottast honom.
Timete Dominum omnes sancti eius: quoniam non est inopia timentibus eum.
10 Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt.
Divites eguerunt et esurierunt: inquirentes autem Dominum non minuentur omni bono.
11 Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.
Venite filii, audite me: timorem Domini docebo vos.
12 Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka?
Quis est homo qui vult vitam: diligit dies videre bonos?
13 Vakta di tunga frå det som vondt er, og lippor for svikfull tale!
Prohibe linguam tuam a malo: et labia tua ne loquantur dolum.
14 Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom!
Diverte a malo, et fac bonum: inquire pacem, et persequere eam.
15 Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.
Oculi Domini super iustos: et aures eius in preces eorum.
16 Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.
Vultus autem Domini super facientes mala: ut perdat de terra memoriam eorum.
17 Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.
Clamaverunt iusti, et Dominus exaudivit eos: et ex omnibus tribulationibus eorum liberavit eos.
18 Herren er nær hjå deim som hev eit sundbrote hjarta, og frelser deim som hev ei hugsprengd ånd.
Iuxta est Dominus iis, qui tribulato sunt corde: et humiles spiritu salvabit.
19 Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar honom ut or deim alle.
Multæ tribulationes iustorum: et de omnibus his liberabit eos Dominus.
20 Herren tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av deim vert brote.
Custodit Dominus omnia ossa eorum: unum ex his non conteretur.
21 Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka.
Mors peccatorum pessima: et qui oderunt iustum delinquent.
22 Herren løyser ut deira sjæl som tener honom, og av dei som flyr til honom, vert ingen saka.
Redimet Dominus animas servorum suorum: et non delinquent omnes qui sperant in eo.

< Salmenes 34 >